Energiøkonomi

Energieffektive vindauge

3-lagsglas
Moderne 3-lagsglas

Sjølv om vindauga utgjer berre 5–10% av ytterflata i ein bustad kan dei stå for opp mot 40% av varmetapet. Har bustaden din tolagsglas frå 80-talet kan du meir enn halvere varmetapet frå desse ved å skifte desse ut. Moderne vindauge nærast eliminerer kald trekk og du vil oppleve auka komfort, særskilt i opphaldsrom med sittjemøblar attmed glasa. Du sparer naturlegvis på fyringsutgiftene òg.

U-verdi

U-verdien fortel om kor god varmeisolasjonen i vindauget er.  Di lågare U-verdi, di betre betre varmeisolering. Du kan sjekke sannsynlig U-verdi på vindauga dine i tabellen nedanfor. Dersom U-verdien blir målt midt på glaset blir resultatet lågare enn enn når ramme og karm vert rekna med. 

Heile vindauget

U-verdi

Enkelt glas i ramme

5,0

To glas i kobla vindauge

2,4

Tolags isolerrute

2,4

Tolags isolerrute med eitt belagt glas og luft

1,6

Tolags isolerrute med eitt belagt glas og argongass

1,4

Tolags isolerrute med belagt glas, argongass, varmkant, ny ramme og karm

1,2 - 1,1

Trelags isolerrute med to belagde glass, argongass, varmkant, ny ramme og karm

1,1 - 0,9

Trelags isolerrute med to belagde glas, argongass, varmkant, isolert ramme og karm

0,9 - 0,7

Kjelde: Enova.no

Historiske krav

Dersom du veit kor tid bustaden din er bygd kan du finne sannsynleg U-verdi på vindauga i tabellen under. Her ser du kva minstekrav og tilrådingar som forskriftene har stilt til U-verdi.

Utvikling av U-verdi
for vindauge

U-verdi

Passivhus (NS 3700)

0,8

Nye forskrifter 2007

1,2

Byggeforskr. 1997

1,6

Byggeforskr. 1987

2,4

Byggeforskr. 60–70-talet

2,6

Byggeforskr. 40-talet

2,8

Kjelde: Enova